Ein times køyretur frå Bergen ligg Kvernavollen Camping på Kvamskogen i flotte omgivnader. Kvernavollen Camping er ein heilårsplass for campingvogner med servicebygg med dusj, toalett, kjøkken og forsamlingslokale/tv-stove. Campingplassen er eit godt utgangspunkt for friluftsliv året rundt. I vintersesongen kan Kvamskogen by på mellom 20 - 60 km preparerte skiløyper og fleire alpinanlegg. Aktiven skiheis og fleire skiløyper er å finne i gåavstand frå plassen. Kvernavollen er også i sommarhalvåret eit godt utgangspunkt for flotte fjellturar og rekreasjon.

 

Velkommen til Kvernavollen Camping!